Til norske kommunar og fylkeskommunar:

 

Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement

eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.  
 

Det er viktig for oss at frivillige lag og organisasjonar i dykkar kommune får vite om ordninga.  

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.  


Der er no opna for å søke.
Søknadsfristen er 15. september. 

 

Vi håpar de vil hjelpe oss med å få ut informasjon om ordninga i dykkar kanalar.

 

Vi ønskjer at de skal lenke til denne nettsida: 

Bokmål:  https://lottstift.no/nb/ny-krisepakke-for-frivilligheten-2/
Nynorsk: https://lottstift.no/ny-krisepakke-for-frivilligheita-2/

 

Forslag til postetekst på Facebook:  
Ny krisepakke for frivillige lag og organsiasjonar er klar. Sjekk om du kan søke. 

 

Dersom de ønskjer å dele informasjonen på eigne nettsider finn de tekstforslag på begge målføre vedlagt.

 

Takk for at de bidreg.    

 

Helsing Lotteri- og stiftelsestilsynet.